Hopp til innhald

Rósa Samuelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rósa Samuelsen

FøddRósa Simonsen
22. desember 1959 (64 år)
Statsborgar avFærøyane
PartiSambandsflokkurin
Yrkepolitikar, bankier
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting Sjå dette på Wikidata

Rósa Samuelsen (fødd 22. desember 1959 i Tórshavn) er ein færøysk politikar for Sambandsflokkurin.

Samuelsen har utdanning innan kontor- og bankfag, og har vore funksjonær i ein sparebank.[1]

Ho var medlem av kommunestyret i Sandavágur 1999–2008, borgarmeister 2001–2008 og styreleiar i Føroya Kommunufelag 2004–2008. I 2009 blei Sandavágur slått saman med Miðvágur til kommunen Vágar. 2013–2016 var Samuelsen borgarmeister i den nye kommunen.

Samuelsen var vald inn på Lagtinget 2008–2015 og leia velferdskomitéen til Lagtinget 2011–2015. Ho var sosialminister i den fyrste regjeringa til Kaj Leo Johannesen 2008–2011, så Marjus Dam møtte som varamann på Lagtinget.[1] I 2019 kom Samuelsen tilbake som lagtingskvinne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Rósa Samuelsen» (på færøysk). Lagtinget. Arkivert frå originalen 20. desember 2014.