Rötspitze
Rötspitze | |||
fjell | |||
Rötspitze, sett frå aust
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 496 moh. | ||
Primærfaktor | 653 m | ||
Førstestiging | 1854 | ||
Koordinatar | 47°1′38″N 12°12′16″E / 47.02722°N 12.20444°E | ||
![]() Rötspitze 47°01′38″N 12°12′16″E / 47.027222222222°N 12.204444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Rötspitze |
Rötspitze er ein 3 496 meter over havet høg fjelltopp vest i dei såkalla Venediger-fjella i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.
Fjellet ragar over alle andre toppane i nærleiken, Dreiherrnspitze 5,4 kilometer i nordaust er jamhøg. Ved sidan av hovudtoppen, som er det høgste punktet på fjellryggen Umbalkamm, reiser den 3 350 moh. høge nordausttoppen seg. Frå hovudtoppen går lange eggjer både mot nord, sør og vest.
Den 22. august 1854 kleiv oberstløytnant J. Breymann og hjelparane hans til topps, dei dreiv på å kartleggje landskapet for militære føremål. Men dei var ikkje fyrstebestigarar. Lokale karar hadde allereie vore på toppen, som ein del av førebuinga til den militære oppmålinga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rötspitze» frå Wikipedia på tysk, den 19. juli 2014.