Røabanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grini bru på Røabanen. Brua går over Lysakerelva, som danner grensa mellom Oslo og Bærum.
Hovseter haldeplass på Røabanen i Oslo.
Eit togsett på den gamle forstadsbanen Røabanen kryssar Sognsvannsbanen på brua ved utkøyringa frå Majorstuen stasjon. Vognene har skistativ på utsida, som var vanleg i skisesongen.

Røabanen er den eine av dei to linjene på T-banenettet i Oslo som krysser grensa mellom kommunane Oslo og Bærum, og med dette òg grensa mellom fylka Oslo og Akershus. Banen har endehaldeplass på Østerås i Bærum.

Røabanen ved Makrellbekken haldeplass i 1958.

Den andre linja som krysser grensa mellom Oslo og Bærum er Kolsåsbanen, som er knytt til Røabanen på Sørbyhaugen rett ovanfor Smestad haldeplass i Oslo.

Opphavleg var Røabanen ein forstadsbane med utgangspunkt på Majorstuen i Oslo, opna fram til Smestad i Oslo i 1912, lengd til Røa i Oslo i 1935 og fram til Grini i Bærum i 1948, til Lijordet i 1951 og til Østerås i 1972. Saman med Holmenkollbanen og Sognsvannsbanen vart Røabanen lengd den andre leia, frå Majorstuen stasjon til Nationaltheatret undergrunnsstasjon i Oslo sentrum, gjennom ein fellestunnel som vart opna i 1928.

Til liks med Holmenkollbanen og Sognsvannsbanen, vart Røabanen bygd og drive av aksjeselskapet Holmenkolbanen A/S, som vart teke over av A/S Oslo Sporveier i 1975, men ikkje formelt før i 1991.

Røabanen vart ombygd i 1995 til T-banestandard med straumskjener og planfrie kryssingar med vegar i samband med at dei vestlege forstadsbanelinjene vart kopla saman med dei austlege T-banelinjene på Stortinget T-banestasjon i Oslo sentrum dette året. Det vart då sett i drift ei pendelrute mellom Østerås og endestasjonen Ellingsrudåsen på T-banelinja Furusetbanen i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]