Rødøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For øya med same namn sjå Rødøya.
Rødøy kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Vågaholmen
Areal 711 km²
 - land 687 km²
 - vatn 24 km²
Folketal 1 268 (1. januar 2016)
Folketettleik 2 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Olav Terje Hoff (Sp)
Kommunenummer 1836
NO 1836 Rødøy.svg
Wikimedia Commons: Rødøy

Rødøy er ein kommune i Helgeland i Nordland fylke. Han grensar i nord mot Meløy kommune, i aust mot Rana kommune, i sør mot Lurøy kommune, og i sørvest mot Træna kommune. Rødøy ligg innanfor Sør-Hålogaland bispedømme og Nord-Helgeland prosti. Rødøy var underlagt Salten politidistrikt, men frå 1. januar 2005 vart kommunen overført til Rana Tingrett. Hovudnæringar er jordbruk, fiske og fiskeoppdrett.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rødøyløva

Rødøy ligg mellom Svartisen og Norskehavet, og femnar om både fastland og fleire øyar og skjer. Kommunesenteret ligg på Vågaholmen, og det er konsentrasjon av befolkning i Kila, Jektvik, Øresvik, Nordvernes og Sørfjorden på fastlandet, og på øyane. På øyane er det mest folk på Rødøy, Gjerdøy, Storselsøy, Nordnesøy og Selsøyvik.

Det går lokalferje frå Jektvik til øyane med daglege avgangar, i tillegg til Rødøyløva (hurtiggåande båt) som trafikkerer Rødøybassenget. Rødøy er geografisk isolert frå fastlandssambandet, og ein er avhengig av ferje mellom Jektvik, Sørfjorden og Kilboghamn i sør (1t10m) og mellom Ågskardet og Forøy i nord (10m). Snøggbåten Nordlandsekspressen, som går dagleg mellom Sandnessjøen og Bodø, stoppar ved Rødøy, Gjerdøy, Selsøyvik, Nordvernes og Vågaholmen.

Polarsirkelen går rett gjennom Rødøy i sør, og ein kan sjå midnattssola i juni og juli. Skjergarden med meir enn 1000 øyar og skjer egnar seg godt for båtliv. Det er mykje regn om hausten og det kan verte mykje vind. Det er få organiserte tilbod for turistar, men noko er det m.a. på Gjersvik, Kila og Nordnesøy. Rikt fugle- og dyreliv og variert natur, frå isbre via høgfjell og lier til storhav og skjergard med mange øyar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Handelsnæringa i Rødøy femnar om matvarehandel på Vågaholmen, Jektvik, Rødøy, Nordnesøy, Selsøyvik, Øresvik og Sørfjorden. Rødøy kommune sysselset om lag 100 årsverk, elles er sysselsetjinga spreidd på landbruk og fiskeoppdrett, ein del aktivitet i samband med fiske og tenester for fiskebåtar og fritidsbåtar, samt noko anna handel og tenesteyting. Rødøy er på grunn av den vanskelege geografien ei av dei mest næringssvake kommunane i landet, og er totalt avhengig av statlege overføringar. Arbeidsløysa er relativt sett ikkje svært høg, men det er fordi ungdommen for det meste må flytte for å finne seg løna arbeid. Folketalet har vore fallande siste 50 år, særleg på 1960-talet då staten betalte folk for å flytte, men også dei siste 15 åra.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]