Rødøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rødøyfjorden er ein fjord i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden ligg på austsida av sjølve Rødøya og strekkjer seg 7 km sørover til øya Renga.

Fjorden har innløp i nord mellom Indre Rosøya i vest og Bukkøya i aust. Tettstaden Rødøy ligg sør på Rødøya og herfrå går det ferje over Rødøyfjorden til Jektvika i aust. Aust for Renga ligg fjorden Værangen, og nordaust for Rødøyfjorden går Tjongsfjorden austover.