Rødbanken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°38′57.656″N 18°57′22.169″E / 69.64934889°N 18.95615806°E / 69.64934889; 18.95615806

Rødbanken i Tromsø
Foto: Harald Groven

Rødbanken er eit monumental bygg i Tromsø sentrum, med adresse Storgata 65. Det vart opprinneleg bygdfor Tromsø Sparebank i åra 1910-1915. Bygget blir i dag brukt som hovudkontor for SpareBank 1 Nord-Norge. Namnet kjem av den karakteristiske raud-oransje fargen som bygget har hatt gjennom heile sii historie.

Bygninga, som vart teikna i 1909 av arkitekt Henrik Nissen i Kristiania, er i jugendstil, med preg av ny-Louis-seize. Byggearbeida vart starta av entreprenør Theodor Amundsen i januar 1910. Det første byggetrinnet mot sør, som omfatta størsteparten av bygninga, sto ferdig i 1912, medan nordfløyen vart fullført i 1915.

I tillegg til Sparebankens lokale inneheldt bygget kommunale kontor, samt bibliotek, festsal og lokale for Frimurerlosjen og leseforeninga Athenæum. Tromsø bibliotek haldt til i bygninga frå 1915 heilt fram til 1973.

Bygninga var ei av de første murbygningane i Tromsø sentrum, og er oppført i pussa teglstein, levert av teglverket i Tromsdalen, over tre etasjar på ein høg granittsokkel, samt ein høg mansardetasje. Bygninga har fasadar i puss med sparsomme stukkdetaljar. Den ligg vendt mot tre gater: Storgata, Fredrik Langes gate og Bankgata. Hovudfasaden mot Storgata har et høgt midtparti krona med ein svungen gavl over hovudinngangen. Bygget har karakteristiske runde hjørne.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • N.A. Ytreberg: Tromsø bys historie (1946–71)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]