Rødberg tåkeklokke
![]() | |
Fylke | Trøndelag |
---|---|
Kommune | Indre Fosen |
Funksjon | Tåkeklokke |
Oppretta | 1919 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Status | |
Eigar | Rissa Kystmuseum |
Automatisert | 1986 |
Avfolka | 1986 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Rødberg tåkeklokke | |
Rødberg tåkeklokke er ei tåkeklokke som ligg i Stadsbygd i Indre Fosen kommune i Trondheimsfjorden i Trøndelag.
Opphavleg låg Rødberg fyrstasjon på same staden, oppretta i 1881. Fyrstasjonen vart derimot lagt ned i 1902, og tåkeklokka sett opp i 1919. Tårnet har same konstruksjon som tåkeklokkene ved Oslofjorden, med eit sveitserstilpreg.
Fyrstasjonen var opphavleg ei fyrlykt som var vorte flytta frå Glåpen fyr og plassert på hjørnet av postkontoret på staden. I 1902 vart fyret nedlagd og det vart sett opp ei ny fyrlykt på moloen like ved.
Klokka er i dag eigd av Rissa Kystmuseum og er i stor grad intakt. På grunn av dette er klokka òg freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Rødberg fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Rødberg tåkeklokke i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren