Raude Khmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Røde Khmer)
Hovudskallar frå nokre av offera for Raude Khmer-regimet.

Raude Khmer, offisielt Kampucheas Kommunistiske Parti, seinare Partiet for Demokratisk Kampuchea) var det kommunistiske partiet som styrte Kambodsja frå 1975 til 1979. Det er særleg hugsa for det folkemordet det sette i gang, der kanskje så mykje som ca. to millionar av dei om lag åtte millionane i landet døydde. Leiaren var Pol Pot.

Da dei hadde makta, sette Raude Khmer i gang eit yttarleggåande program for å isolere landet frå utanlandsk innverknad, stengje skular, sjukehus og fabrikkar, avskaffe bankvesenet, finansvesenet og pengane, forby alle religionar, konfiskere all privat eigedom og tvangsflytte folk frå byane til kollektivbruk på landsbygda der tvangsarbeid var utbreidd. Føremålet med denne politikken var å omforme kambodsjanarane til «nye menneske» gjennom jordbruksarbeid. Politikken medførte svært omfattande dødstal ved avrettingar, overarbeid, sjukdom og svolt.

Der store mengder menneske vart drepne og lagde i massegraver av Raude Khmer-regimet, kallar ein det sidan Dødsmarkene (engelsk The Killing Fields, som òg er tittelen på ein film om dette frå 1984).

Regimet vart avsett og folkemordet stansa ved hjelp av vietnamesiske troppar.

Leiarane i det norske partiet AKP støtta Raude Khmer-regimet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]