Rødenes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°35′17″N 11°35′42″E

Rødenes kyrkje
kyrkje
Rødenes kirke 9 July 2010 A.JPG
Foto: Sandivas
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Østre Borgesyssel
Sokn Rødenes
Fellesråd Marker
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1200-talet
 - Endringar 1703–09, 1949–52
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1619
Døypefont Ca. 1700
Altartavle Bruskbarokk, med gotisk krusifiks i hovudfeltet
Sitjeplassar 240
Kart
Rødenes kyrkje
59°35′17″ N 11°35′42″ E
Wikimedia Commons: Rødenes kirke

Rødenes kyrkje er ei langkyrkje i Marker kommune i Viken. Kyrkja er frå 1200-talet — somme seier 1230 — og er av stein med puss, medan gavlane er av tre og kledde med spon. I 1703–09 vart kyrkja utvida og fekk den takryttaren ho framleis har. Våpenhuset er frå 1949–52, men kyrkja hadde òg tidlegare våpenhus. Sakristiet på nordsida av koret er opphavleg frå 1700-talet, men har vorte gjort om på fleire gonger.

Kyrkja var i si tid garnisonskyrkje for Basmo festning, og altartavla seiast å vere ei gåve frå kommandanten der, Christian Hansen Sarpsborg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]