Rødenes prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°35′18″N 11°35′31″E / 59.58828°N 11.59208°E / 59.58828; 11.59208

Rødenes prestegard
Foto: Ola Øgar Svendsen / Riksantikvaren

Rødenes prestegard ligg like vest for parkeringsplassen vest for Rødenes kyrkje.

Våningshuset er eit laftehus oppført rundt 1800. Det har ståande utvendig panel og saltak. Frå 1910 vart det stilmessige uttrykket endra meir mot sveitser, og i 1963 vart ei bryggarhusfløy på nordsida riven. Huset har vorte rehabilitert ei rekkje gongar, seinast i 2008–2014.[1]

Våningshuset og eit stabbur frå 1918 er freda. Prestegardshagen er på om lag seks mål.

Opplysningsvesenets fond meldte i 2017 at prestegarden var til leige.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond: Rødenes prestebolig Arkivert 2019-09-04 ved Wayback Machine.
  2. Opplysningsvesenets fond: Rødenes prestebolig til leie Arkivert 2019-09-04 ved Wayback Machine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]