Rødven stavkyrkje
Rødven stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Type | langkyrkje | ||
---|---|---|---|
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | kring 1300 | ||
Takryttar | over skipet | ||
Kor | 4,5 x 6,4 m. | ||
Skip | 9 x 6,4 m. | ||
Diverse | Eigd av Fortidsminneforeninga. | ||
![]() Rødven stavkyrkje | |||
Wikimedia Commons: Rødven stavkirke | |||
Rødven stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Rødven i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er truleg bygd rundt år 1300, men den eldste delen av kyrkja er frå 1100-talet.[1] Kyrkja er mykje endra opp gjennom åra.
Kyrkja er sidan 1907 eigd av Fortidsminneforeninga og er museumskyrkje. Det vert halde ei gudsteneste i henne om året, det skjer på olsok.[2] Like ved kyrkja vart det reist eit kapell i 1907, noverande Rødven kyrkje, som fungerer som brukskyrkje for bygda.

Denne typen stavkyrkje blir ofte kalla «Møretypen», og er kjenneteikna ved at dei har mellomstavar i ytterveggjene og tverrgåande bjelkar som bind stavlegjene saman. Attåt Rødven stavkyrkje er det berre Kvernes stavkyrkje ein har att av denne typen. Kyrkja har òg skorder som stør henne opp på utsida. Kyrkja er kledd med liggjande panel og taket er dekt med uglaserte takpanner. Skipet og koret er like breie, kring 6,4 meter, men taket på koret er noko lågare enn på skipet. Koret vart tidlegare smalare, kring 3,5 meter, men det er rive og nytt kor vart bygd med same breidde som skipet. Kyrkja har hatt svalegangar kring skipet og koret, men dei vart rivne på 1600-talet. Takryttaren måtte byggjast ny fordi vinden hadde teke den gamle.
Under ei arkeologisk utgraving i 1962–1963 blei det funne merke etter dei jordgravne stolpane til ei eldre stolpekyrkje på staden.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Om Rødven stavkyrkje på nettstaden stavkirke.org Arkivert 2008-04-03 ved Wayback Machine.
- «Rødven stavkirke» på nettstaden til Fortidsmeinneforeninga Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine.
- Faktaarket «Rødven stavkirke» frå Riksantikvarens stavkyrkjeprogram
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Rødven stavkirke» på nettstaden til Fortidsmeinneforeninga, arkivert frå originalen 25. oktober 2007, henta 2. juni 2009
- ↑ Om kyrkjene i Eid og Hen sokn på nettstaden til Grytten prestegjeld[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Rødven stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.