Rømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rømme er ofte brukt i lag med fiskerettar.

Rømme eller rjome (norrønt rjúmi[1]) er eit mjølkeprodukt som er laga av surna fløyte eller heilmjølk. Rømmen vert surna ved hjelp av ein bakteriekultur, anten naturleg eller tilsett mjølkesyrekultur. Han har ein tjukk konsistens og ein syrleg smak. Rømmen er ofte brukt som ingrediens i matretter eller som tilbehør.

Rømme var i det gamle mjølkestellet det beste ein kunne by ein gjest. I dag lagar ein mesteparten av rømmen på meieria, der fløyten vert surna med mjølkesyrebakteriar. Seterrømme er surna fløyte med 35 % feitt og gjev 1377 kJ/100 g. Han liknar mykje på den rømmen som vart laga på setrene og eignar seg til rømmegraut. Lettrømme inneheld 20 % fett og gjev 852 kJ/100 g. Denne er pasteurisert og homogenisert og eignar seg ikkje til rømmegraut på grunn av homogeniseringa. Rømmekolle (rømmebunke) er mjølk som vert sett til oppfløyting og surning; det øvste laget vert då rømme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «rømme» i Bokmålsordboka.

«rømme» i Store norske leksikon, snl.no.