Rømmegraut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rømmegraut med smelta smør, kanel og sukker

Rømmegraut, rjomegraut eller fløytegraut er ein norsk tradisjonsrett. Denne rømmebaserte grauten var vanleg å servera ved særskilde høve, som ved bryllaup og barnedåpar, etter ein fødsel eller ein slått, til feitetysdag, jonsok og til jul. Han kunne òg lagast til når ein heldt til på setra.

Grauten blir laga ved at ein kokar rømme og/eller surna fløyte på svak varme. Ulike kornslag kan blandast i, til dømes kveite, bygg, semule- eller risgryn. Grauten blir servert med rømmesmør, som er feitt som har skild seg frå grauten medan han kokte, og sukker og kanel.

Drikke til er gjerne vassblanda saft av rips eller kirsebær.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]