Hopp til innhald

Rønnaug Kleiva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rønnaug Kleiva
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd30. november 1951 (73 år)
YrkeForfattar
Periode1985-
PrisarSamlagsprisen, Sigmund Skard-stipendet
DebutAnimasjon

Rønnaug Kleiva (fødd 30. november 1951)[1] er ein norsk forfattar og dramatikar fødd på VartdalSunnmøre.

Ho debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985 og har sidan gitt ut 29 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn. Ho er representert i ei rekke antologiar og norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Bøkene hennar er omsette til gresk, dansk, svensk, serbisk og russisk. Ho er også representert i antologiar på tysk, bosnisk og tsjekkisk.

Kleiva var festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og har motteke fleire prisar for bøkene sine. For boka Ikkje gløym å klappe katten fekk ho både Kritikarprisen for barnebøker og Kulturdepartements barnelitteraturpris i 1997. Rønnaug Kleiva var og festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2010.

Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskule, idrett grunnfag og norsk mellomfag og har arbeidd som lærar i 15 år. Ho har også teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark i Bø.

  • Animasjon diktsamling Samlaget, 1985
  • Å fø fram ein kalv over vinteren prosatekstar Samlaget, 1986
  • Fuglane kor dei flyg barnebok Illustrert av Kari Bøge, Samlaget, 1988
  • Kven sin dag er dette? barnebok Illustrert av Alf-Kaare Berg, Samlaget, 1989
  • Balansepunkt prosalyrikk Samlaget, 1990
  • Plutseleg no ungdomsroman Samlaget, 1990
  • Ein underleg vinter biletbok Illustrert av Malgorzata Piotrowska]], Samlaget, 1991
  • Einmannsbåten barnebok Samlaget, 1993
  • Eg greier meg barnebok Illustrert av Las Elling, Samlaget, 1994
  • I ovnen er lammet diktsamling Illustrert av Arne Nøst, Cappelen, 1995
  • Greske gudar og gudinner fagbok Samlaget, 1996
  • Ikkje gløym å klappe katten barnebok Illustrert av Inger Lise Belsvik,Samlaget, 1997
  • Som før Labyrinter, 1998
  • Kjærleik på pinne frå Ouagadougou barnebok Samlaget, 1999
  • Kvinner med fingermanualar skodespel Solum, 2001
  • Fangeteneste novellesamling Samlaget, 2001
  • Om dagen kan ein flyge biletbok Illustrert av Akin Düzakin, Samlaget, 2001
  • Ingen reell fare roman Samlaget, 2003, 2004
  • Ein ettermiddag dramatikk Solum, 2004
  • La oss krysse Nilen prosa Samlaget, 2005
  • Eg rømmer biletbok Illustrert av Inger Lise Belsvik, Samlaget, 2005
  • Andre sida av Paris ungdomsroman Samlaget, 2007
  • Ikkje for varmt, ikkje for kaldt novellesamling Samlaget, 2008
  • Vegen heim frå Sarajevo ungdomsroman Samlaget, 2009
  • Notat vedrørande kjærleik noveller Samlaget, 2010
  • Armenia, Albania, Argentina roman Samlaget, 2012
  • Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg (Dramatikk), 2015
  • Western Desert (Noveller for voksne), 2017
  • Liljene på stranda (Voksenroman), 2019
  • Vinden og kattane (Ungdomsroman, Samlaget, 2021)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Rønnaug Kleiva (30.11.1951)»». forfatterkatalogen.no. Henta 15. februar 2013.
  2. ««Sigmund Skard-stipendet 2003 til Rønnaug Kleiva»». Nettstaden til Noregs Mållag. 20. august 2003. Henta 20. august 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]