Røntgenspektroskopi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Røntgenspektrum)

Røntgenspektroskopi er eit fellesomgrep for alle metodar som vert nytta for å registrere eit røntgenspektrum, avgjere bølgjelengda til strålinga og klassifisere spektrallinjene og sette dei i teoretisk samanheng med atomstrukturen.

Eit røntgenspektrum er elektromagnetisk stråling som vert sendt ut frå eit stoff når det vert utsett for røntgenstråling. Strålinga fører til at elektron i stoffert vert akselerert og innfallande elektron slår ut elektron i dei forskjellige elektronskala, slik at utanforliggande elektron går inn på dei tomme plassane. Det vert då frigjort energi i form av karakteristiske kvantar og ein får eit karakteristisk spektrum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]