Røntgenstråling

Røntgenstråling er ein type ioniserande elektromagnetisk stråling som har særskilde eigenskapar i høve til biologisk materiale. Strålinga har kortare bølgjelengd enn ultrafiolett stråling, men lengre bølgjelengd enn gammastråling, det vil seie ca. mellom ti nanometer og ti pikometer.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Strålinga kan mellom anna trenga gjennom mjukt vev i menneskekroppen, men ikkje skjelettet eller tyngre stoff som bly. På grunn av dette blir det mykje brukt mellom anna innan helsevesenet til å ta bilde av innsida av kroppen. Strålinga blir òg brukt innan materialundersøking og krystallografi.
Strålinga kan òg skada kroppen og aukar risikoen for å få kreft. På den andre sida blir ho òg brukt til å drepa kreftsvulstar i stråleterapi.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Fysikaren Wilhelm Röntgen oppdaga strålinga i 1895,[1] og tok det første røntgnebildet, av handa til kona si. For dette fekk han den første Nobelprisen i fysikk i 1901.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Holtebekk, Trygve (19. mai 2011), Store norske leksikon, henta 22. januar 2017 Den ukjende parameteren
|cotribution=
vart ignorert (hjelp)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Korleis skapa røntgenstråling på uio.no Arkivert 2005-11-26 ved Wayback Machine.