Rørholtfjorden

Koordinatar: 59°00′51″N 9°19′36″E / 59.0143°N 9.3267°E / 59.0143; 9.3267
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°00′51″N 9°19′36″E / 59.0143°N 9.3267°E / 59.0143; 9.3267 Rørholtfjorden er ein arm av innsjøen Tokke som er ein del av Kragerøvassdraget. Største djupn er 147,5 meter. Største delen av Tokke ligg i Drangedal kommune i Telemark, mens Rørholtfjorden ligg i Bamble kommune.

Rørholtfjorden er meromiktisk, det vil seie at det nedst mot botn finst vatn som ikkje blir skifta ut, men står stille. I Rørholtfjorden er det gamalt sjøvatn, truleg frå før landhevinga etter siste istid for 8–9 000 år sidan. Skiljet går ved om lag 136 meter (1989), men saltvatnet forsvinn gradvis.

Andre meromiktiske innsjøar med gammalt sjøvatn i Noreg er Kilevann, Tronstadvatn, Birkelandsvatn, Salvatn, Botnvatn, Rørhopvatn og Strandvatn.

Fjorden er verna med heimel i Verneplan I for vassdrag.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Barland, K. 1991. Trapped seawater in two Norwegian lakes: Kilevannet, a "new" lake with old trapped seawater, and Rørholtfjorden. Aquatic Sciences. 53. 90-98.