Røros kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røros kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Bergstaden Røros
Areal 1 956 km²
 - land 1 754 km²
 - vatn 202 km²
Folketal 5 635 (1. januar 2016)
Folketettleik 3 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Hans Vintervold (Ap)
Kommunenummer 1640
NO 1640 Røros.svg
Wikimedia Commons: Røros

Røros (sørsamisk: Plassje) er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke som grensar i nord til kommunane Tydal og Holtålen, i sørvest til Os og Engerdal i Hedmark fylke og i aust til Härjedalen i Sverige. Røros er kjend for Røros Kobberverk og dei mellomalderlege trehusa sine. Tettstaden Røros har aldri hatt status som by, men som bergstad. Bergstaden Røros vart i 1980 teke med på UNESCO si liste over verdsarva. Han er òg ein av dei kaldaste stadene i Noreg.

På grunn av gruveindustrien har Rørosmålet vorte påverka frå fleire ulike hald, mellom anna av tysk. Staden vart heilt attoppbygd etter at han var øydelagd av svenske troppar i 1679.

Ein kjent marknad går føre seg i Røros kvar vinter.

Røros er særleg skildra av forfattaren Johan Falkberget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjerkgata sett nedanfrå 1869. Foto: Elen Schomragh

Det vart funne koparmalm på Røros i 1644. Før det var det berre nokre få fjellgardar i området. Eit smelteverk vart bygd i 1646. I denne tida vart Røros fleire gonger brend ned i svenske åtak. Svenske styrkar øydela heile staden i 1679, og han måtte byggjast opp att. Smelteverket og utvinninga av kopar hadde stor trong for treverk, og områda rundt Røros vart avskoga. Steinkyrkja Bergstadens Ziir vart innvia i 1784. Tidleg på 1800-talet var det dårlege tider og hungersnaud på Røros. Kromgruvedrift vart starta opp i denne tida. Jarnbana Rørosbana vart offisielt opna i 1877. Den siste store gruva, Olavsgruva var i drift frå 1936 til 1972. Røros Koparverk vart nedlagt i 1977. Etter at gruvedrifta vart avslutta er turisme den viktigaste næringa.

Bilete frå marknaden på Røros

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Røros kommune