Røros kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røros kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Røros
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Røros
Fellesråd Røros
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Peter L. Neuman
Material Stein
Innvigd 15. august 1784
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 1640
Kart
Røros kyrkje
62°34′39″N 11°23′16″E / 62.5774°N 11.3877°E / 62.5774; 11.3877
Wikimedia Commons: Røros kirke

Røros kyrkje eller Bergstadens Ziir er ei kyrkje i Bergstaden Røros i Røros kommune i Trøndelag fylke. Over inngangsdøra står det: «Til Guds Ære og Bergstadens Ziir». Ziir tyder pryd, av dette kjem namnet på kyrkja. Kyrkja vart innvigd den 15. august 1784. Den kvitkalka steinkyrkja hever seg over alle bygg på Røros. Gata Kjerkgata vart planlagd i samanheng med kyrkja.

Røros Kobberverk kosta kyrkja, og koparverket sitt merke vart sett på alle sider av tårnveggen. Emblemet syner ein korslagt feisel og eit bergjern sett saman med symbolet for metallet kopar (som òg er symbolet for den romerske gudinna Venus og meir generelt symbolet for det kvinnelege.)

Kyrkja har form som ei utstrekt åttekantkyrkje med altar og preikestol på den same veggen. Det er uvisst kven som var arkitekt for kyrkja, men det er kjend at murmeister Peder Leonard Neumann frå Trondheim laga eit grunnriss og gjorde dei utrekningane som var turvande for å byggje kyrkja i naturstein. Peder Hiort, direktør ved koparverket, skal også ha medverka ved utforminga bygget.[1] Medlem av overdireksjonen for koparverket, generalvegmeister Nicolai Frederik Krohg, skaffa teikningar som særleg skildra kyrkje-interiør. Overstiger Henning Floer hadde overoppsynet med byggjearbeida, og byggmeistrane til koparverket, Peder Ellingsen og Svend Aspås, leia byggjearbeidet; Ellingsen hadde med takkonstruksjonane og innreiinga å gjere, medan Aspås hadde ansvaret for for tårnet og arbeidet med murane. Aspaas tok over som murmeister tre år etter at arbeidet var i gang. Det vart lage minst to skalamodellar av bygget som grunnlag for utforming og planlegging av arbeidet.[1] Bergskrivar Bernt Hartz stod for innkjøp av materialar og for lønsutbetalingane.

Det store kyrkjerommet er dekt av ein vid tønnekvelv og vert opplyst av dagsljoset gjennom høge småruta vindauge. Fargene i interiøret er ljose, med kvitt og grått i tak og veggar, og med listverk og andre detaljar i gråblå marmorering. Altarveggen og kongelosjen over hovudinngangen er dekorert med gull og litt rosa marmorering.

Byggmeistrane Ellingsen og Aspås reiste fleire liknande, særprega kyrkjer i Oppland, Trøndelag og Hedmark, til dømes Sør-Fron kyrkje. Hosar set Røros kyrkje kunsthistorisk også i samanheng med Vang kyrkje i Ridabu, også den ei er stor åttekanta steinkyrkjer med preikestolsalter, og den mindre Klæbu kyrkje av tre.[1] Denne bygningsstilen er kjend som den såkalla Røros-skulen, ein stil som altså vart skapt av teknikarane ved koparverket.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.