Rørosmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smelthytta på Røros.

Rørosmuseet er ei museumsstifting i Røros-distriktet som arbeider for å ta vare på og utvikla dei kulturhistoriske verdiane i området. Museet har eit spesielt ansvar for verdsarvstaden Røros, sørsamisk kulturhistorie, bergverkshistorie og bygningsvern. Rørosmuseet har tre besøksstader som er opne for publikum: Smelthytta, Olavsgruva og Sleggveien.

Rørosmuseet har ei stor samling av gjenstandar, foto, kart, tegninger og arkivmateriale frå bergstaden Røros og bygdene rundt. Arbeidet med å byggja opp dei kulturhistoriske samlingane tok til i 1930, då Røros Museumsforening blei stifta. Sommaren 1930 blei det halde ei stor utstilling i Aasen-garden. 25 år seinare fekk museet permanente lokale for samlinga i steinhuset ved Doktortjønna. I 1988 blei samlinga flytta til det nye museumsbygget i Smelthytta. Etter at den opphavlege Smeltehytta brann ned i 1975 teikna arkitekten Sverre Fehn eit nytt bygg til tomta. Til slutt reiste ein i staden ein kopi av den gamle Smeltehytta.[1]

Ein del av samlingane til Rørosmuseets har tilhøyrd Røros Kobberverk. Det dreier seg om den historiske gjenstandssamlinga til koparverket, ein del av verksarkivet og gjenstander museet overtok då verket blei nedlagd i 1977.

I tillegg til eit 30-tals bygningar som tilhøyrer museet, forvaltar det også 57 bygninger og ca. 50 tekniske anlegg, eller rester av anlegg, som tidlegare tilhøyrde Røros Kobberverk og no har staten som eigar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag og tid 31. januar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]