Rørosregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rørosregionen er eit nyare nemne på gamle bygder, i dag organiserte kring bergstaden Røros i kommunane Røros Os, Tolga, Tynset, Folldal og Alvdal i sør og Holtålen kommune i nord. Sidan 1644 har gruvedrift knytt bygdene saman. I dag er største regionavisa og sams talerøyr Arbeidets Rett på Røros. Før gruvedrifta var største og folkerikaste bygda Ålen øvst i Gauldalen. Ålen omfatta heile gamle Røros landsokn, men er i dag ein del av Holtålen. Fyrste mellomalderdiplomet frå rørosregionen vart tinglyst på gildevangen i Ålen i 1381, galdt gardar på Tynset og i Alvdal, heilt synst i området. Gamal geistleg administrasjon, eigedomstilhøve og særtrekk ved målføret tyder og på sams røter for regionen , og at det opphavlege senteret var Hov i Ålen. Der gjekk vegen frå det norske landskapet Härjedalen i aust saman med vegen frå Østerdalen i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Jørgen Reitan: Rørosmålet, 1934