Røssvassholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Røssvassholmen
Geografi
Stad Røssvatnet
Koordinatar 65°41′11.7″N 14°0′54.5″EKoordinatar: 65°41′11.7″N 14°0′54.5″E

Areal 17,4 km²

Høgaste punkt Holmfjellet (589 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Røssvassholmen i Hattfjelldal kommune i Nordland er den største innlandsøya i Nord-Noreg og den nest største i Noreg. Ho ligg i den sørlegaste delen av Røssvatnet.

Enkelte leksika opererer med same areal for Helgøya og Røssvassholmen, men målingar frå Kartverket tatt opp etter reguleringa av Røssvatnet, viser at Helgøya no er klart størst. Målingar basert på oppdaterte kartdata viser at Helgøya er 18,34 km² og Røssvassholmen 17,39 km². Desse er basert på høgaste regulerte vasstand for hhv. Mjøsa og Røssvatnet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.