Røyken kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Røyken)
Hopp til navigering Hopp til søk
Røyken kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Adm.senter Midtbygda
Areal 113 km²
 - land 112 km²
 - vatn km²
Folketal 22 452 (1. januar 2018)
Folketettleik 200 / km²
Målform bokmål
Ordførar Eva N. Eriksen (H)
Kommunenr. 0627
NO 0627 Røyken.svg
Wikimedia Commons: Røyken
Nettstad: www.royken.kommune.no

Røyken er ei bygd og ein tidligare kommune i Asker kommune i Viken, tidlegare Buskerud fylke. Røyken utgjorde den nordlege delen av halvøya Hurumlandet. Vest for halvøya og den tidlegare kommunen ligg Drammensfjorden og i aust ligg Oslofjorden. Tettstader i den tidlegare kommunen er Hyggen, Røyken, Spikkestad, Slemmestad/Bødalen, Nærsnes, Båtstø og Åros.

Flygeleiarsentralen for austlandet låg i Røyken, men er foreslått lagd ned. Det er korte avstandar til Drammen og Oslo, mange av innbyggjarane arbeider difor på denne strekninga. Det er buss-samband til begge byane, dessutan lokaltog til Oslo om Asker, og båt frå Slemmestad til Oslo.

Kyststien langs med Oslofjorden er ein tursti lagt til rette for fotturistar. Det er også Oldtidsvegen, den gamle ferdselsvegen frå Slemmestad til Gullaug i Lier.

Røyken kommune vart 1. januar 2020 slegen saman med kommunane Hurum og Asker til den nye Asker kommune.[1]

Kjende røykenbøringar[endre | endre wikiteksten]

Røyken stasjon i tettstaden Røyken ligg på Spikkestadlinja.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]