Røyndom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ved hjelp av moderne datateknologi, datagrafikk og simulatorar kan det lagast ein såkalla virtuell røyndom, det vil seie ein innbilt røyndom, eller ei etterlikning av ei verkeleg verd, med dataskapte bilete, lydar og andre sanseinntrykk.

Røyndommen eller verkelegheita omfattar vanlegvis alt som er handgripeleg og sant, eller det som eksisterer i verda rundt oss, i motsetnad til fantasiar, abstrakte idear og det som er falskt og usant. Det er likevel eit relativt omgrep som vert handsama og diskutert i idehistoria og filosofien, særleg i ontologien, det vil seie læra om korleis røyndomen faktisk ser ut.

Den daglegdagse oppfatninga og opplevinga av røyndomen som eit system av ting vi omgjev oss med eller alt som verkar på oss i tilværet, er ifølgje filosofien strengt subjektiv, men ved hjelp av vitskaplege metodar kan ein oppnå et metafysisk verdsbilete. Resonnement og empiri, som er vitskapleg handsama i idehistoria, gjev oss eit bilete av røyndommen som er så nyansert som det lèt seg gjere.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]