Hopp til innhald

Røyne kyrkje

61°3′59.78″N 10°25′36.73″E / 61.0666056°N 10.4268694°E / 61.0666056; 10.4268694

Minnealtar nær den gamle kyrkjestaden
Foto: Jan-Tore Egge
Røykjelseskar frå Røyne
Foto: Kulturhistorisk museum

Røyne kyrkje (eller Røine kyrkje) på Vingrom skal ha stått litt nord for noverande Røine gård[1] Tunet låg der inntil på 1700-talet. Området vart planert rundt 1970, og det finst ikkje synlege restar etter kyrkja i dag.[2] Kyrkja er omtala i eit skinnbrev frå 1407, og det går fram av skinnbrev frå 1344 og 1411 at Rise var prestegard.[3]

Dagfinn Skre, som har skrive om området sin kyrkjearkeologi, meiner at den beskjedne størrelsen på gardane i området tyder på at kyrkja har vore oppført som fellesprosjekt snarare enn som høgendekirke på den største garden. Utsjånaden til kyrkja synest å vere ukjend.

Det er reist eit minnealtar nær den gamle kyrkjestaden, der det iblant vert halde friluftsgudstenester.[4]

  • Skre, Dagfinn (1988). Gård og kirke, bygd og sogn. Organiseringsmodeller og organiseringsenheter i middelalderens kirkebygging i Sør-Gudbrandsdalen. Øvre Ervik: Alvheim & Eide. s. 72-73. ISBN 82-90359-44-6. {{cite book}}: Den ukjende parameteren |kommentar= vart ignorert (hjelp) [Riksantikvarens rapporter 16]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Gnr. 25, jf. Gardar på Lillehammer
  2. Skre (1988), s. 72–73.
  3. Lillehammer kommune og Skre (1988), s. 71.
  4. Sjå t.d. Vår fedrearv. Menighetsblad for Lillehammer og omegn nr. 2/2014, s. 19.