Røyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Røyr (fleirtyding).
Metallrøyr
Gassrøyr som er skøytt saman ved hjelp av flensar og boltar.
Døme på tynnvegga vassrøyr av kopar skrudd fast til ei stoppekran, og øvst på fotografiet, avløpsrøyr i plast.
Både lett bøyelege og mindre lett bøyelege typar vassrøyr til bruk i hushaldningsinstallasjonar og liknande.

Eit røyr er ein langstrakt struktur med gjennomgåande hol, laga av eit hardt materiale som metall, plast eller liknande. Røyr vert brukte til å transportera gass eller væske. Tilsvarande strukturar av mjuke materiale kallast slangar. Ordet røyr vert òg brukt om hole sylindrar som er tette i eine enden, som til dømes reagensrøyr, og om somme tekniske komponentar som er heilt lukka og lufttette, som til dømes radiorøyr.

Ein fagutdanna person som monterer og vedlikeheld vass- og avløpsrøyr og andre innretningar med røryliknande komponentar (kanalar) til mellom anna hushaldningsbruk, vert kalla ein røyrleggjar.

Ulike typar røyr og bruksområde:

  • Vassrøyr vert nytta til å transportere vatn, til dømes drykkjevatn og avlaupsvatn
  • Oljerøyr vert nytta til å transportere råolje eller andre petroleumsprodukt, og og gassrøyr til å transportere gass
  • Eksosrøyr vert brukte til å transportera eksos frå ein motor i køyretøy eller motorreiskap til den støydempande eksospotta og vidare ut i friluft.
  • Hydraulikk- og pneumatikkrøyr og -slanger vert brukte til å overføra energi med, høvesvis ved hjelp av olje eller luft som er sett under høgt trykk.
  • Lysrøyr er glasrøyr som inneheld gassar som lyser når dei får tilført elektrisk straum, og vert nytta som lyskjelde i lampar, og i spesialutformingar som bokstavar i lysreklame og anna.
  • Sugerøyr, som i tidlegare tider var laga av strå, no av plast, er små røyr som vert brukte til å suga væsker inn i munnen, til dømes brus frå ei brusflaske.

Røyr til industribruk[endre | endre wikiteksten]

I industrien vert stålrøyr sveiste saman, gjenga og skrudde saman, eller skrudde saman med boltar gjennom flensar, ei utvendig skive med ein rad boltehol i krins som utgjer enden på kvart av røyra som skal skøytast saman. Konstruksjonar med flensar vert i mange høve kalla piping.

Til mindre dimensjonar, særleg innan instrumentering, signaloverføring og liknande, nyttar ein vanlegvis skrukoplingar og tynnvegga røyr, som på norsk vert kalla tubing eller presisjonsrøyr. Desse røyra må ha nøyaktige dimensjonar og overflata for at dei skal passa saman med dei ulike typane av skrukoplingar. Plastrøyr eller -slangar vert òg brukt for vatn og luft ved låge trykk.

På engelsk vert gjerne både presisjonsrøyr og grovare røyr kalla pipes.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]