Røyrsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Røyrsongar
Lydopptak røyrsongar

Lydopptak røyrsongar
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigOmtrentleg geografisk utbreiing av røyrsongar, utbreiing på Iberiahalvøya og Nordvest-Afrika kan gjelde afrikarøyrsongar ██ Berre hekking ██ Overvintring
Omtrentleg geografisk utbreiing av røyrsongar, utbreiing på Iberiahalvøya og Nordvest-Afrika kan gjelde afrikarøyrsongar

██ Berre hekking ██ Overvintring

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Kjerrsongarar Acrocephalus
Art: Røyrsongar A. scirpaceus
Vitskapleg namn
Acrocephalus scirpaceus

Røyrsongar (Acrocephalus scirpaceus) er ein liten sporvefugl i kjerrsongarfamilien med hekking i vestlege og sentrale Eurasia og overvintrar i Afrika sør for Sahara.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Egg av gauk (Cuculus canorus canorus) og røyrsongar.

Røyrsongarar er rundt 13 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta har overside i varm brun til raudbrun farge, og underside i varm beige fargetone. Nebbet er relativt langt og tynt. Augebrynstripa er lys og utydeleg. Kjønna er like.

Hekkeområdet er i varmt temperert klima i Europa austover til nordvestlegaste Kina. I nordlege Europa er arten grovt rekna avgrensa til Storbritannia sør for Skottland, mot aust går nordgrensa gjennom sørlegaste Noreg, Sør-Sverige og Sør-Finland. I Noreg er han ein mindre vanleg hekkefugl frå Haugalandet sørover og aust langs kysten av Agder, inn langs begge sider av Oslofjorden og inn i sørlege Innlandet fylke. Populasjonen er på færre enn 10 000 par i Noreg. Røyrsongar er ein sterk trekkfugl, dei fleste kjem til Noreg mot slutten av mai måned og forlèt i august mot tropisk Afrika.[1]

Røyrsongarar er knytt til takrøyr i hekketida. Habitatet ligg ved breidder av innsjøar og andre våte område inklusive brakkvatn. Føda er mest insekt og larver, meir unntaksvis frø, blomstrar og bær.[2]

Songen er skildra som i hovudsak snerrande tonar i roleg tempo, gjentatt 2-3 gonger. Dei legg inn herming eller plystretonar no og då.[1]

Storleiken på den europeiske delen av populasjonen er estimert til 2,7 - 5 millionar par, av dette meir enn 0,5 millionar par i Sverige.[2]

Taksonomi

Røyrsongar, A. scirpaceus og afrikasongar A. baeticatus har vore handsama som same arten, og Birdlife International gjer det framleis i si taksonomiske sjekkliste per desember 2020.[3] Andre lister som etter IOC World Bird List V11.1 definerer begge artane med underartar, og ut frå skildring av utbreiing er det afrikasongar og ikkje røyrsongar som lever på Den iberiske halvøya.[4]

Underartar etter IOC-lista versjon 11.1:

  • A. s. scirpaceus (Hermann, 1804), Europa aust for Pyreneane og Asia
  • A. s. fuscus, (Hemprich & Ehrenberg, 1833), nordlege Egypt, sentrale Tyrkia, Midtausten, sentrale europeiske Russland aust til Kasakhstan og nordvestlegaste Kina, overvintring i austre og sentrale Afrika
  • A. s. avicenniae, Ash, Pearson, DJ, Nikolaus & Colston, 1989, kysten av Raudehavet
  • A. s. ammon, Hering, Winkler & Steinheimer, 2016, nyleg oppdaga i eit avgrensa område langs grensa av Egypt og Libya

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 Dyrcz, A., D. A. Christie, og E. F. J. Garcia (2020). Eurasian Reed Warbler (Acrocephalus scirpaceus), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eurwar1.01
  3. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist v5 (current version)». abcbirds.org. BirdLife International. Henta 14. mars 2021. 
  4. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 14. mars 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Røyrsongar
  • Røed, T. 1994: Rørsanger Acrocephalus scirpaceus. S. 204 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu.