Røyrtong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Røyrtang)
Røyrtong. Justeringsringen, ein mutter på gjenger, er å sjå på den nedre armen. I denne posisjonen skal tanga vriast medsols.
Johan Petter Johansson i 1940.

Røyrtong er ein gripereiskap som er laga spesielt for røyrleggjararbeid, og som kan stillast inn til passande gripevidd ved hjelp av ein justeringsring på den eine armen. Tonga er slik innretta at kjeften på tonga kan klemme hardare til når tonga vert halden berre etter den andre armen, og vridd eller halden i mot i den eine retninga. Ein må difor feste tonga på arbeidsstykket i samsvar med rotasjonsretninga, og treng berre å halde i den armen på tonga som ligg godt i neven.

Røyrtong av «amerikansk» modell. I den posisjonen tonga er synt i her, skal ho vriast medsols.

Denne typen røyrtong vart funnen opp i 1888 av svensken Johan Petter Johansson (1853-1943), og vert difor ofte kalla kalla svensk modell, svensk rørtang og liknande på ulike språk, til dømes Schwedenzangetysk, Swedish wrench eller Swedish pattern wrenchengelsk. Røyrtenger med berre ein arm, og difor med eit anna justeringsprinsipp, er vanlegare i Sambandsstatane.