Røyrvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°53′10″N 13°33′20″E

Røyrvik kyrkje
kyrkje
Royrvik.kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Røyrvik
Fellesråd Røyrvik
Stad Røyrvik kyrkje sett frå nord 
Type langkyrkje
Arkitekt O. Alfstad (1901)
Teknikk tømring
Material tre
Innvigd 11. september 1828
 - Endringar 1901, 1990
Kyrkjegard ved kyrkja
Døypefont frå 1600-talet
Altartavle 1938 Roar Matheson Bye
Wikimedia Commons: Røyrvik kirke

Røyrvik kyrkje er ei langkyrkje i Røyrvik kommune i Trøndelag. Nybyggarar og samar i Røyrvik fekk løyve til å byggje kapell etter kongeleg resolusjon 16. februar 1828. Tømmerbygningen vart innvigd 11. september 1828, med plass til 180 personar. Opphavleg namn var «Rørvigens capell».

Den raudmåla bygningen vart ombygd og måla kvit i 1901 (arkitekt O. Alfstad). Ho fekk samstundes status som kyrkje.

Måleriet av «presten Krag» vart gjeve som gåve. Døypefatet av tinn kom i 1828, truleg frå Nærøy. Dagens tyskbygde orgel vart teke i bruk i 1926. I 1959 vart kyrkja del i det nyutskilte Røyrvik og Namsskogan prestegjeld. Kyrkja vart renovert i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Petter Vekterli og Ola Hjulstad: Røyrvik kirke 1828-1978., 1978. 146 s
  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Røyrvik kirke», s. 215

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]