Røyskatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Røyskatten, Kjos-hjasen, Halvbror til Reven eller Floketjønn er ein gangar som finst i mange variantar i Telemark, Hordaland, Setesdal og Hallingdal. Slåtten er spela både som gangar og lausslått i 2/4-takt, og mykje tyder på at han har vore i bruk minst sidan 1700-talet. Hardingfeleverket har lista opp tolv variantar under gruppenummer 156. På grunn av melodisk slektskap er det naturleg å halde gruppe 125 (Eglefisken) saman med denne, slik at det i alt blir 15 variantar av slåtten. Namnet Kjos-hjasen knyter slåtten til spelemannen Jon Kjos, som levde i andre halvdel av 1700-talet, og som var første læraren til Myllarguten (Hjase er eit telemarksord for hare). Dette namnet skriv seg truleg frå Myllarguten, som heldt mykje av "kjoseslåttane". Dei formene som ber det namnet er nok etter han. Namnet Floketjønn er knytt til forma etter Håvard Gibøen. Det er ikkje utenkjeleg at Myllarguten hadde slåtten med seg vest til Hardanger på spelferdene sine og lærte han bort der.

Den mest kjende forma av slåtten er elles frå Setesdal. Røysekatten var eit tilnamn på ein stordansar frå Gol som levde på same tid som Rotneims-Knut. I spelemannsmiljø finst det ein ståande vits knytt til desse slåttenamna: ”Røyskatten, er ikkje det halvbror til reven?”

Variantgruppe 125[endre | endre wikiteksten]

  • a: Sevle'n etter Tor Grimsgard, Nes i Hallingdal. Nedskrift Arne Bjørndal 1919 (B 354). Grimsgard lærte slåtten av Gudbrand Skjellerud i 1870. Slåttenamnet skriv seg frå kjempekaren og lausdansaren Ola Olsson Sevle frå Nore, som vart avretta i 1834. Namnet er elles knytt til hallingen Sevliden.
  • b: Stubbe-Hans, etter Johan Kleven, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1920 (Ø 107). Kleven hadde slåtten etter faren, Gamle-Kleven. Stubbe-Hans var ein meisterdansar, som støtt ville ha denne slåtten å danse etter. «Han flaug over bord og benker og kneggja som ein hest av kjæte». Særskild gode dansar vart og kalla opp etter han.
  • c: Eglefisken etter Engebret Ødegård, Flå. Nedskrift Truls Ørpen 1945. Ødegård hadde slåtten etter faren Knut Ødegård. Ein ”eglefisk” er ein ”eglen” (trettekjær) person.

Variantgruppe 156[endre | endre wikiteksten]