Røytjern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røytjern
innsjø
Røytjern, sett frå Rv170.
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Aurskog-Høland
Høgd over havet 227 moh.
Areal 0,308 km²
Kystlengd1 4,2 km
Kart
Røytjern
59°52′19″N 11°37′24″E / 59.87206°N 11.62325°E / 59.87206; 11.62325
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Røytjern (eller Røytjenn) er eit vatn mellom Bjørkelangen og Setskog i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Røytjern ligg 227 meter over havet. Det er tilrettelagt med badeplass på Røytjern, og badeplassen er den mest nytta badeplassen for innbyggjarane i dei nordlege delane av Aurskog-Høland. Det er sett ut aure i vatnet og Aurskog-Høland kommune har tilrettelagt med fiskeplassar for rørslehemma på Røytjern.