R. Kelly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
R. Kelly
Rkellytrappedinthecloset2007 (cropped).jpg
Fødd 8. januar 1967
Chicago
Yrke musikkprodusent, singer-songwriter, komponist, musikar, skodespelar, songar, filmskodespelar
R. Kelly på Commons

R. Kelly (fødd Robert Sylvester Kelly8. januar 1967 i Chicago i Illinois) er ein amerikansk R&B-songar og plateprodusent som gjerne blir kalla Kongen av R&B.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Kelly tok til å opptre seint i 1980-åra, og debuterte med gruppa Public Announcement i 1992. Han starta solokarrieren sin i 1993 med plata 12 Play. Han er kjend for mange hitsinglar, m.a. «Bump n' Grind», «Your Body's Callin'», «I Believe I Can Fly», «Gotham City», «Ignition (Remix)», «If I Could Turn Back the Hands of Time», «The World's Greatest», «I'm a Flirt», og rap-operaen «Trapped in the Closet». Kelly vann tre Grammy-prisar for «I Believe I Can Fly» i 1998.

Kelly har skrive, produsert og laga remixar av songar og plater for mange artistar, til dømes Aaliyahs debutalbum frå 1994, Age Ain't Nothing But a Number. Kelly blei nominert til Grammy-prisen i 1996 for å ha skrive Michael Jackson-songen «You Are Not Alone». I 2002 og 2004 slapp R. Kelly ut samarbeidsplater med rapparen Jay-Z. Han har også vore gjestevokalist for andre hip-hopparar, til dømes Nas, Sean Combs og Fat Joe.

Recording Industry Association of America har anerkjent R. Kelly som ein av dei mestseljande musikkartistane i USA med 40 millionar selde plaster. I tillegg er han ein av fem svarte artistar som har hamna blant dei beste 50 på den same lista. Billboard kalla R. Kelly den mest framgangsrike R&B-artisten gjennom dei siste 25 åra i mars 2011. Kelly har sloppe 12 solostudioalbum og selt over 100 millionar plater på verdsbasis. Dette gjer han til den mest framgangsrike mannlege R&B-artisten i 1990-talet, og ein av dei mestseljande musikarane nokonsinne.

R. Kelly slapp nyleg albumet Black Panties der «My Story» er ein av singlane.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Born into the 90's
  • 1993: 12 Play
  • 1995: R. Kelly
  • 1998: R.
  • 2000: TP-2.com
  • 2002: The Best of Both Worlds
  • 2003: Chocolate Factory
  • 2004: Happy People/U Saved Me
  • 2004: Unfinished Business
  • 2005: TP3.Reloaded
  • 2007: Double Up
  • 2009: Untitled
  • 2010: Love Letter
  • 2012: Write Me Back
  • 2013: Black Panties

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: R. Kelly