RC-3 Seabee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Republick Sea-bee

Republic RC-3 Seabee er eit helmetall høyvinget enmotors sportsfly med fire sete av amfibietype, designa av Percival Spencer og bygd av Republic Aircraft Corporation. Den vanlege varianten er utstyrd med skyvepropell montert bak vingefestet. Nokre få er seinare bygd om til tomotorsutgaver med to vingemonterte motorkonsollar og trekkpropellar.

Design og utvikling[endre | endre wikiteksten]

RC-3 Seabee var «hjartebarnet» til Percival Hopkins "Spence" Spencer f. 1894, ein flypioner som etter sigande skulle ha bygd sin eigen hangglidar i 1911 etter teikningar han fann i Popular Mechanics. Hans første flytur var i ein Curtiss flybåt i 1914. Han vart tydelegvis fascinert av amfibie- og flybåttanken og freista seg først med eit amfibieflyprosjekt saman med ein ingeniør frå Sikorsky om å konstruera Spencer-Larsen SL-12C. Han fann etterkvart at det gjekk for treigt med prosjektet, og stiftet sit eige selskap i 1940. Hans første fly, Spencer S-12 Air Car Amphibian vart påbyrja i mars 1941 og var på vingane allereie i august same år. Flyet var toseters. høyvinget med metallrammeskjelett og seildukskledning, med firkanta førerhus, lang og låg,slank halebom og tobladet skyvepropell.

Republic RC-3 Seabee

Air Car vart mellombels lagt på hyllen i desember 1941. «Spence» vart testpilot for Republic Aircraft Corporation, og prøvefløy i løpet av to års tid 134 fabrikknye P-47 Thunderbolt. Han fekk likevel jobb hos Mills Novelty Company, Chicago, Illinois, som ynskte flyet som reklamefigur. Han brukte firmaet sitt trebearbeidingsmaskiner til å få laga seg ein rundare utsjånad på flyet – og byrja å visa flyet i nye klede til sina arbeidsgivere.

Firmaet kjøpte designen i desember 1943 med henblikk på ein framtidig marknad for småfly, når krigen tok slutt og mengdevis av pilotar kom heim. Det vart utvikla eit helmetallfly som vart prøvefløyet 30. november 1944, med typenemninga RC-1 Thunderbolt Amphibian (NX41816). Prøveturen var det Spence som stod for sjølv.

Flyet vart vist offentleg første gong på ei utstilling i St Louis, Missouri i desember, og det vart raskt teikna kontrakt for 1 972 fly (inklusive militæret)til ein stykkpris av USD 3 500,-. Både hærens og til marinens flyvåpen likte flyet. Marinen ga Republic Aviation rett til å bruka namnet Seabee på nyskapningen – og hæren plasserte ein ordre for fly til redningsoppdrag under tittel OA-15. Ordrane frå dei militære vart likevel stoppa etter at freden braut ut i september 1945. Ordrane var på i alt $ 20 mill.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Fabrikken i Farmingdale, New York, leverte det første testeksemplaret av RC-3 Seabee frå samlebåndet 22. november 1945. Prøveflygingen vart igjen gjort av Spence, den 1. desember. Ein motorfabrikk, Aircooled Motor sin, som laga Franklin Aircraft-motorar vart kjøpt inn for å sikra levering av motorar til Seabee-ein.

Utprøving og modifikasjonar vart ferdige i løpet av våren 1946, og det første salseksemplaret vert levert til J.G. (Tex) Rankin, Rankin Aviation Industries, Tulare, California i juli 1946. Det er produksjonsnummer 13 med registrering NC87463

Håpte om storsalg til nydimmiterte pilotar viste seg å ha vore overdrive. Mange flygere kom heim og heldt seg på bakken. Mange små og optimistiske flyselskap gjekk etterkvart i glemmeboken.

I oktober 1947 var den endelege beslutningen offisiell: Republics øvste leiar erklærde at «selskapet ville leggja ned produksjonen av Seabee for å bruka ressursane til selskapet til andre flyprosjekter». Røyndomen var at salet stoppa nesten heilt opp utpå sommaren, og fabrikken laga berre fly når dei var bestilt. I produksjonsperioden vart der bygget 1 060 fly, noko som nok var langt lågare enn dei første anslaga på 5 000 i året. Teken i betraktning av at der var mange konkurrentar – nokon med lågare prisar – sjåast på dette i dag likevel som respektabelt. Prisen på Seabee var ikkje statisk: dei første flyene vart seld for $ 3 500, stigande til $ 4 495 i juli 46 og endeleg $ 6 000 for dei sist leverte. Detta var ingen dårleg pris for eit fireseters fly med metallhud. Siste fly frå lage vart seld i 1948.

Flyfabrikken konsentrerte seg deretter om å byggja F-84 Thunderjet på same fabrikklinjene.

Operasjonell historikk[endre | endre wikiteksten]

Seabee vart populært i USA og Canada og dei fleste land med mange vatn, kyssa med fjordar og større villmarkområde. Ved slutten av produksjonen, var der eksportert 108 fly, og etablert forhandlernett i land som Brasil, Cuba, Panama, Colombia, Meexico, Uruguay, Peru, Venezuela, Chile, Argentina, Fiji, New Caledona, Sør-Afrika, England, Noreg og Sverige.

I etterkrigstiden vart flyet populært som villmarksfly, fotofly og mange stader som ambulansefly. Pilotane var ofte kjend for å klara «umoglege» start og landingar med forsyningar til ødemarksbeboere. Mange småsteder fekk besøk av flygere som tok passasjerar med ein runde over heimstaden for ein overkommelig pris.

Flyet vart i Noreg blant anna brukt til ambulanseflyvning.[1]

I 2006 var der enno registrert meir enn 250 fly i drift. Mengda ser ut til å veksa, etterkvart som fleire fly vert gjenoppbygd av utrangerte fly og vrakdelar. Nokre få går enno som lufttaxiar.

Modifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

23 fly er i dei seinare år bygd om til tomotors, ved å leggja motorfestane oppå vingane med drapropeller. Varianten er kjend som Twin Bee. Endringa utgjer stor forbetring med omsyn til fart, stigeevne og lasteevne. De3t vert enno arbeidt med tilpasning av nyare (bil-)motorar med lågare vekt og volum, men meir hestekrefter.

Seabee i andre samanhengar[endre | endre wikiteksten]

I eit julehefte av den norske teikneserien Nils og Blåmann vart para med på ein flytur i ein Seabee. Tryggleiken vert vareteken ved at begge får på seg fallskjerm, men ikkje setebelte. Flyet har soltak som er ope, og flyet kjem inn i ein tåkedott som ligg mot ei fjellside. Loopen som følgjer, gjer at begge ender i fallskjerm.

Seabee har òg gjesteopptreden i James Bond-filmen The Man with the Golden Gun med Roger Moore i hovudrolla på veg mellom asiatiske øyar for å oppsøkja fienden Scaramanga spelt av Christopher Lee. Flyet vert sprengt i løpet av filmen.

Seabee opptrer òg på Bahamas i Beatlesfilmen Help!.

I bruk i[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oddmund Ljone Kan flyet komme?

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]