REMA 1000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
REMA 1000


Org.formAksjeselskap
Org.nr.883409442
BransjeDaglegvarehandel
Skipa1979
HovudkontorOslo
LandNoreg, Sverige, Danmark
Grunnleggjar(ar)Odd Reitan
Nettstadhttps://rema.no (norsk), https://www.rema1000.dk/ (dansk)
REMA 1000-butikk og Volvo Amazon.
Foto: Aslak Raanes

REMA 1000 er ei verksemd innan Reitangruppa som blei starta av forretningsmannen Odd Reitan i samarbeid med faren Ole Reitan. Verksemda blei starta i 1977 med ein butikk på Bromstad i Trondheim. Butikken var laga med forretningsmodellen til tyske ALDI som grunnlag. Ordsamansetninga REMA står for Reitan Mat. REMA 1000 AS omfattar verksemda til REMA 1000 i Noreg, Danmark og Sverige. Verksemda er 100% eigd av Reitangruppa.

REMA 1000 er Noreg si største daglegvarekjede etter omsetning og er ei av landet sine sterkaste merkevarer,[1] og omfattar nærare 700 butikkar i Skandinavia. REMA 1000 er drive hovudsakleg etter franchisetakarprinsippet. I Noreg består verksemda av eit hovudkontor i Oslo, ti regionale kontor og seks distribunalar. Hovudkontoret sine oppgåver omfattar felles marknadsføring og innkjøp, økonomi og IT, i tillegg til drift, etablering og sentrale støttefunksjonar. Regionskontora er servicekontor for butikkane i regionen, og tar seg av regional marknadsføring og etablering av nye butikkar i området sitt.[2]

Den 14. mars 2008 signerte Rema 1000 ei kontrakt som sikra dei alt av Lidl si verksemd i Noreg då. I oktober 2009 blei det kjent at Reitangruppen betalte 1,918 milliardar kroner for alle eigedommar som Lidl Noreg eigde og Lidl sine butikkar, lager, hovudkontor og tilsette.[3]

Dei har fire eigne merkevarer; Rema 1000, Godehav, SoftStyle og Solvinge. Rema 1000-produkta står for tørrvarer, Softstyle er hygieneprodukt, Godehav dekker produkt innan fisk og skaldyr, og Solvinge dekker produkt innan kvitt kjøt og egg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pressenotat (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 14. desember 2010, henta 6. mai 2012 
  2. http://www.rema.no/rema/omrema1000/organisasjon/[daud lenkje]
  3. Nyhetsoppslag fra e24.no, besøkt 18. okt 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]