Recorded Music NZ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå RIANZ)
Hopp til navigering Hopp til søk

Recorded Music NZ (tidlegare Recording Industry Association of New Zealand (RIANZ)) er ein organisasjon som består av plateprodusentar, utgjevarar, og musikarar i New Zealand. Alle plateselskap i New Zealand kan verta medlemmar.

RIANZ fekk mykje kritikk for stillinga si i saka om piratverksemd i New Zealand. Dei støtta implementeringa av seksjon 92a i piratlova. Denne seksjonen krev at alle ISP-ar stenger internettsambandet for dei som er skulda for piratverksemd.

I 2013 vart det slått saman med PPNZ Music Licensing for å verta Recorded Music NZ (RMNZ).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]