ROBEK
Utsjånad
ROBEK - Register om betinga godkjenning og kontroll - er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunne ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtalar. Registeret er oppretta i medhald av kommunelova.
Registeret omfattar kommunar og fylkeskommunar med økonomisk ubalanse.[1] Før dei nye reglane i kommunelova tredde i kraft i 2001, måtte alle kommunar og fylkeskommunar ha slik godkjenning frå departementet.
Ei meldepliktig avtale som omfattar ein kommune på ROBEK-lista, men som ikkje er meldt inn til departementet og dermed ikkje blitt ført inn i registeret, kan ikkje gjerast gjeldande overfor godtruande kontraktsmotpart.
Lister over kommunar med ROBEK i 2018
| Fylke | Knr. | Kommune | Lovheimelbokstav |
| Østfold | 1 kommune | ||
| 0101 | Halden | c og d | |
| Akershus | 0 kommunar | ||
| Hedmark | 0 kommunar | ||
| Oppland | 0 kommunar | ||
| Buskerud | 1 kommune | ||
| 0625 | Nedre Eiker | c og d | |
| Vestfold | 1 kommune | ||
| 0711 | Svelvik | c og d | |
| Telemark | 0 kommunar | ||
| Aust-Agder | 0 kommunar | ||
| Vest-Agder | 0 kommunar | ||
| Rogaland | 0 kommunar | ||
| Hordaland | 1 kommune | ||
| 1264 | Austrheim | d | |
| Sogn og Fjordane | 1 kommune | ||
| 1438 | Bremanger | c | |
| Møre og Romsdal | 5 kommunar | ||
| 1504 | Ålesund | c og d | |
| 1514 | Sande | c | |
| 1525 | Stranda | c og d | |
| 1532 | Giske | c og d | |
| 1545 | Midsund | d | |
| Trøndelag | 0 kommunar | ||
| Nordland | 6 kommunar | ||
| 1840 | Saltdal | d | |
| 1848 | Steigen | c | |
| 1849 | Hamarøy | d | |
| 1850 | Tysfjord | c | |
| 1854 | Ballangen | d | |
| 1874 | Moskenes | c | |
| Troms | 1 kommune | ||
| 1928 | Torsken | c og d | |
| Finnmark | 0 kommunar | ||