Hopp til innhald

RSM-56 Bulava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

RSM-56 Bulava (Булава, 'stridsklubbe', NATO-rapporteringsnamn SS-NX-30 eller SS-N-32, GRAU-indeks 3M30, 3K30) er eit ubåtoppskote ballistisk missil (engelsk submarine-launched ballistic missile, SLBM) utvikla for den russiske marinen og teke i bruk i 2013 på den nye ubåtklassen Borej.

Missilet veg 38,8 tonn og har ei rekkevidde på 8 300 kilometer. Kvart missil har frå 1 til 6 stridshovud (MIRV), kvart på ca. 100 kilotonn sprengkraft.[1] Det er meint som framtidig del av den russiske kjernefysiske triaden, og er det dyraste våpenprogrammet i landet.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «RSM-56 Bulava Submarine Launched Ballistic Missile». Defense Update. 31. desember 2017. 
  2. «Russian military successfully tests new missile». Fox News. 7. oktober 2010. Henta 5. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]