RS «Arne Fahlstrøm»
Utsjånad
| RS 29 «Arne Fahlstrøm» | ||
| Leverandør: | Olsen & Jebsen i Risør | |
| Konstruktør: | Colin Archer, Larvik - Solli/Vardø-typen | |
| Byggjeår: | 1913 | |
| Byggjepris: | 11 409,21 kroner | |
| Oppkalla etter: | Arne Fahlstrøm, son til gjevarane. Han omkom ved «Titanic»forliset | |
| Finansiering: | Alma og Johan Fahlstrøm | |
| Eigenskapar | ||
| Materiale: | tre | |
| Lengde: | 14,25 meter | |
| Breidde: | 4,84 meter | |
| Djupgåande: | 2,30 meter | |
| Motor år: | 1935 | |
| Motor: | Wichman glødehovud, 40/70 hk | |
| Mannskap: | 4 | |
| Statistikk | ||
| Sett inn i teneste: | 1913 | |
| Ut av teneste: | 1946 | |
| Menneskeliv berga: | 32 | |
| Fartøy assistert: | 1766 | |
RS 29 «Arne Fahlstrøm» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1913. Ho vart konstruert av Colin Archer i Larvik, og bygd av Olsen & Jebsen i Risør. Arne Fahlstrøm» fekk innsett motor i 1935. I 1946 vart ho teken ut or teneste og seld til Skotland og omdøypt til «Sarie».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
- Tor Borch Sannes: Colin Archer skøytene og lystbåtene Norsk Maritimt Forlag 1979