RS «Biskop Hvoslef»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 38 «Biskop Hvoslef»
Biskop Hvoslef.jpg
«Biskop Hvoslef» i 2006. Riggen er meir lik Colin Archer-skøytene, med lenger gaffel og gaffelsegl på mesanmasta.
Verft:  Brødrene Løvfald på Løfallstrand
Konstruktør:  Bjarne Aas
Byggjeår:  1932
Byggjepris:  49 448,52 kroner
Oppkalla etter:  Biskop Fredrik Waldemar Hvoslef
Finansiering:  Hvoslef, New York
Eigenskapar
Materiale: Eik og furu
Lengde:  16,85 m
Breidde:  5,27 m
Djupgåande:  2,63 m
Motor år:  1932
Motor:  50/80 hk
Ny motor år:  1955
Ny motor:  GM 150 hk
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1933
Ut av teneste:  1969
Menneskeliv berga:  49
Fartøy berga:  9
Fartøy assistert:  2028
Sjuketransport:  56
Ved omrigging fekk «Biskop Hvoslef» høgt gaffelsegl med kort gaffel, og bermudasegl på mesanmasta.

RS 38 «Biskop Hvoslef» var den første redningsskøyta Bjarne Aas teikna for Redningsselskapet. Ho vart bygd av Brødrene LøvfaldLøfallstrand i Sunnhordland og levert i 1932. Skøyta var kravellbygd med eikehudfuruspant. «Biskop Hvoslef» hadde kryssarhekk og var noko større enn dei tidlegare skøytene til Redningsselskapet som Colin Archer stod bak. Men mykje av linjene til Archerskøytene vart ført vidare til Aas sine skøyter.

«Biskop Hvoslef» vart levert med bermudarigg. Det var mykje på grunn av dei raskaste seglbåtane tidleg på 1930-talet var bermudarigga. Mastene måtte då vere ein god del høgre enn dei var på dei gaffelrigga skøytene. Bermudariggen viste seg ueigna. «Biskop Hvoslef» var rigga om etter berre eit år. Ho fekk då gaffelstorsegl, men hadde framleis bermudamesan. Mastene vart nedkorta. I tillegg til full seglføring fekk ho motor på 50/80 hk. Den som styrde skøyta hadde plass i ein styrebrønn som hadde vindskjerm. Under motorskifte og ombygging i 1955 vart det bygd styrehus.

«Biskop Hvoslef» vert finansiert gjennom gåve frå kaptein Hvoslef og frue i New York. Skøyta fekk namn etter far til gjevaren: biskop Fredrik Waldemar Hvoslef.

Redningsselskapet selde «Biskop Hvoslef» i 1969.

I 1992 kjøpte Stiftelsen Biskop Hvoslef i Malangen redningsskøyta. I 2006 og 2007 vart ho restaurert ved Nord-Norsk Fartøyvernsenter i Gratangen. Skøyt vert i dag utleigd til ymse turar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • R/S 38 Biskop Hvoslef

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]