RS «Catherine Booth»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 37 «Catherine Booth»
Status:  Kondemnert
Leverandør:  Colin Archer, Larvik
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1900
Byggjepris:  11 000 kroner
Oppkalla etter:  Catherine Booth
Finansiering:  Frelsesarmeen
Eigenskapar
Lengde:  14,30 meter
Breidde:  4,60 meter
Djupgåande:  2,20 meter
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1900[1]
Ut av teneste:  1938
Menneskeliv berga:  99 + 5
Fartøy assistert:  1767 + 203

RS 37 «Catherine Booth» var ei redningsskøyte som vart bygd for Frelsesarmeen i 1900. Sjefen for Frelsesarmeen i Noreg, kommandør Hanne Cornelia Ouchterlony, fekk leiinga i Frelsesarmeen med på å bygge ei redningsskøyte som skulle gjere teneste i Troms og Finnmark. Skøyta vart bygd av Colin Archer og var av Svolvær-typen. Prisen var 11 000 kroner. Ho fekk namn etter Catherine Booth, som saman med mannen William grunnla Frelsesarmeen.

Frelsesarmeen stod for drifta til 1931. Mannskapet var tilsett i Frelsesarmeen, og dreiv møteverksemd når skøyta ikkje var i teneste. 2. desember 1930 havarerte «Catherine Booth». Ho var reparert etter kort tid. Frelsesarmeen fann etter kvart drifta så kostbar at den overførte skøyta til Redningsselskapet. Vilkår for overdraginga var mellom anna at skøyta framleis skulle ha det opphavlege namnet, og førar og mannskap skulle halde fram i arbeidet om bord. Ho fekk nr 37 i Redningsselskapet sitt skøyteregister.

I Frelsesarmeen si teneste slepte «Catherine Booth» til lands 1767 båtar med 4798 mann. 99 vart redda frå ein sikker daude.

Redningsselskapet selde RS «Catherine Booth» i 1938 til Madeira. Ho vart omdøypt til «Saõ João». Skøyta vart truleg opphoggen på 1950 talet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Norsk Maritimt Forlag 2002

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Før 1931 i Frelsesarmeen si teneste