RS «Christian Børs»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 17 «Christian Børs»
«Christian Børs» på eit postkort frå kring 1920-1930.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket

Leverandør:  Brinchorst & Dekke, Bergen
Verft:  Brinchorst & Dekke
Konstruktør:  Colin Archer og Kristin Dekke
Byggjeår:  1904
Byggjepris:  10 500 kroner
Oppkalla etter:  Gjevaren
Finansiering:  Konsul Christian Børs, Paris
Eigenskapar
Lengde:  45 fot
Breidde:  14,4 fot
Djupgåande:  7,9 fot
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1904
Ut av teneste:  1936
Menneskeliv berga:  139
Fartøy assistert:  2327

RS 17 «Christian Børs» var ei tidlegare redningsskøyte som Redningsselskapet hadde i drift frå 1904 til 1936. Ho vart bygd av Brinchorst & Dekke i Bergen. Kristian Dekke teikna skøyta ut frå Colin Archer sine teikningar til Svolvær-typen. Skøyta var 45 fot lang, 14,4 fot brei og var 7,9 fot djuptgåande. Byggeprisen var kr 10 500. Ho vart kosta av konsul Christian Børs i Paris. Han var opphavleg frå Bergen, og hadde tent godt på forretningsverksemd i USA. Ho fekk og namn etter han.

«Christian Børs» havarerte 25. januar 1920. Under bording av DS «Stavangerfjord», for å sette om bord los, støytte fartøya saman. «Christian Børs» fekk store skadar på riggen. Stormasta brotna. Då det såg ut som skøyta skulle totalhavarere, vart mannskapet teke ombord i «Stavangerfjord». I mørke, sterk vind og svært grov sjø dreiv skøyta mot nord. Same kvelden dreiv ho i land nord for Sognefjorden og vart berga. Reiarlaget til «Stavangerfjord», Den norske Amerikalinje, kosta reparasjonen. Mannskapet på «Christian Børs» vart heidra av passasjerane på «Stavangerfjord», og av reiarlaget.

«Christian Børs» redda 139 menneske frå ein sikker daude, og assisterte 2327 fartøy.

I sesongen 1904-1905 og i 1925 vart mannskapet på «Christian Børs» tildelt Emile Robins belønning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet (Norsk Maritimt Forlag, 2002).