RS «Christian Bugge»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 41 «Christian Bugge»
Verft:  K. Christensen & Co
Konstruktør:  Bjarne Aas
Byggjeår:  1935
Byggjepris:  49 703 kroner
Oppkalla etter:  Skipsmeklar Christian Bugge
Finansiering:  Skipsmeklar Christian Bugge
Eigenskapar
Materiale: Eik, furu og teak
Lengde:  17,13 meter
Breidde:  5,24 meter
Djupgåande:  2.53 meter
Seglareal:  89 m²
Motor år:  1935
Motor:  Wichmann 70/90 hk
Ny motor år:  1944, 1960
Ny motor:  100/140 hk, 160 hk
Fart:  9 knop
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1935
Ut av teneste:  1967
Menneskeliv berga:  68
Fartøy berga:  4
Fartøy assistert:  685
Sjuketransport:  39

RS 41 «Christian Bugge» er ei tidlegare norsk redningsskøyte. Ho var operativ frå 1937 til 1967. Skøyta vart konstruert av Bjarne Aas og bygd av Knut Christensen & Co i Risør i 1935. RS «Christian Bugge» fekk namn etter skipsmeklaren Christian Bugge. Han døydde i 1931 i Buenos Aires. Gjennom testamentet hans fekk redningsselskapet midlar til å bygge skøyta som fekk namn etter han.

«Christian Bugge» var den første redningsskøyta som vart bygd med styrhus. Det vart senka noko ned i dekk slik at det ikkje kom i vegen for storbommen, og ein slapp å redusere seglarealet. Skøyta var og den første med radiosendar. RS «Christian Bugge» vart landskjend etter berginga av mannskapet på DS «Rokta»Hustadvika 4. april 1938.

Under denne aksjonen hadde «Christian Bugge» eit mannskap på åtte. Tre mann frå andre redningsskøyter vart med frå Kristiansund. Kjentmann Peder Rindarøy vart teken om bord på Rindarøya. Alle åtte på «Christian Bugge» vart heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull.

Mannskapet på «Christian Bugge» fekk tildelt Emile Robins belønning for 1936, 1938 og 1941. I 1938 for berginga av mannskap på Rokta. I 1941 for berging av 45 menneske frå hurtigruteskipet «Ryfylke» som hadde vorte torpedert ved Stad.

Etter at skøyta vart seld frå Redningsselskapet har ho hatt mange eigarar. I 2002 vart skøyta mykje skadd av brann. Frå 2008 har ho vore under restaurering i Eivindvik i Gulen kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Fossen: Hundre år med redningsskøyta. Grøndahl og Dreyers Forlag 1994