RS «Olav V»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 96 «Olav V»
Verft:  Oma båtbyggeri AS, Leirvik
Konstruktør:  Pål Francis Hansen
Byggjeår:  1982
Byggjepris:  12 millionar kroner
Oppkalla etter:  Kong Olav V
Finansiering:  NSSR byggefondet
Eigenskapar
Materiale: Skrog: Aluminium, styrehus: Glassfiberarmert sandwich
Lengde:  26,94 meter
Breidde:  6,00 meter
Djupgåande:  3,80 meter
Bunkerkapasitet:  16,3 tonn
Motor år:  1982
Motor:  2* 1290 hk GM diesel
Fart:  24 knop
Rekkevidde:  800 nm
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1982
Ut av teneste:  1992
Menneskeliv berga:  1
Fartøy berga:  6
Fartøy assistert:  314

RS 96 «Olav V» var ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1982. Ho vart bygd med tanke på oljeverksemda i Nordsjøen. Ho vart bygd for så høg fart at ho kunne dekkje eit større område. Teikninga til «Olav V» vart utarbeidd av Pål Francis Hansen, på grunnlag av ei diplomoppgåve ved NTH i Trondheim. Ho vart bygd ved Oma båtbyggeriLeirvik. Skroget var av aluminium. Overbygget av sandwich-materiale.

Redningsskøyta fekk namnet «Olav V» for å heidre kong Olav V som hadde vore konge i 25 år. Ho vart døypt av kronprinsesse Sonja 23. august 1982.

«Olav V» var svært kostbar i drift. I 1992 vart ho seld til det hollandske tollvesen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • nssr.no[daud lenkje]