RS «Oscar Tybring»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 8 «Oscar Tybring»
Leverandør:  Colin Archer, Larvik
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1895
Byggjepris:  10500 kroner
Oppkalla etter:  Oscar Tybring
Finansiering:  Tivolimarknad på Akershus festning
Eigenskapar
Lengde:  14,05 meter
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1895
Ut av teneste:  1937
Menneskeliv berga:  329

RS 8 «Oscar Tybring» var ei redningsskøyte Colin Archer bygde for Redningsselskapet i 1895. Skøyta, som var av Colin Archer-typen, vart bygd ved Archer sit verft i Larvik. Ho vart sjøsett 2. desember.

RS «Oscar Tybring» vart finansiert gjennom pengar innsamla på tivolimarknad på Akershus festning i Christiania. Det kom inn nok midlar til å finansiere to redningsskøyter. I gåvebrevet frå arrangørane til Redningsselskapet var det eit vilkår om at ei av skøytene skulle ha namn etter Oscar Tybring. Tybring, som har vorte kalla redningsselskapet sin far, døydde dette året. Den andre skøyta vart RS «Christiania».

«Oscar Tybring» var nær forlis då ho i januar 1924 dreiv i land på Sommarøy i sør-vest orkan. Det vart ikkje skade på fartøyet. Redningsselskapet selde skøyta i 1937.

RS «Oscar Tybring» er den norske redningsskøyta som har redda flest menneske frå ein sikker daude. Redningsselskapet sine statistikkar seier 329 menneske redda. 2591 fartøy var berga eller fekk assistanse.

Mannskapet på «Oscar Tybring» fekk Emile Robins belønning for sesongen 1903-1904, og for 1935.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002