RS «Simrad»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

RS 116 «Simrad»var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet, men som ikkje vart sett i drift. Ho vart kontrahert ved Ulstein Forsyningstjeneste AS i Ulsteinvik. Målet var å få eit hurtiggåande fartøy som kunne assistere fritidsfloten kring Oslofjorden. Det var meiniga at redningsskøyta, som vart bygd i aluminium, skulle få ein fart på 35 knop. Det synte seg at det ferdige fartøyet vart mykje tyngre enn medrekna. Toppfarten vart berre 25 knop. Redningsselskapet såg ikkje å kunne overta «Simrad», som vart utlagd for sal.

Redningsselskapet unngjekk å tape pengar på RS «Simrad».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002