RS «Sjøfareren»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 75 «Sjøfareren»
Verft:  Smedvik mek Verkstad A/S, Tjørvåg
Konstruktør:  Leif Gjerver
Byggjeår:  1968
Byggjepris:  2,5 millionar kroner
Finansiering:  Innsamling i høve redningsselskapet sit 75-års jubileum
Eigenskapar
Materiale: Stål, Aluminium overbygg
Lengde:  28,36 meter
Breidde:  7,70 meter
Djupgåande:  3,70 meter
Bunkerkapasitet:  55 tonn
Motor år:  1968
Motor:  2*365 hk GM diesel
Ny motor år:  1979
Ny motor:  1280 hk GM diesel
Fart:  12 knop
Rekkevidde:  4800 nautiske mil
Mannskap:  5
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1968
Ut av teneste:  2004
Menneskeliv berga:  11
Fartøy berga:  13
Fartøy assistert:  1428
Personer assistert:  1056

RS 75 «Sjøfareren» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1968. Ho vart konstruert av Leif Gjerver og bygd av Smedvik mek Verkstad A/S i TjørvågSunnmøre. Med ei lengd på 92 fot, 28,36 meter, er ho den største redningsskøyta som Redningsselskapet har hatt. Skøyta kosta 2,5 millionar kroner. Det meste av byggesummen vart samla inn i høve 75-års jubileet i Redningsselskapet.

Namnet «Sjøfareren» fekk ho fordi handelsflåten stod sentralt i innsamlingsaksjonen.

På 1970-talet vart «Sjøfareren» vekkleigd til Norges Geografiske Oppmåling for tokt til Svalbard. Det vart montert ein ekstra radar. Han har vorte sett på som ei årsak til at over halvparten av mannskapet som har vore ombord har utvikla fekk kreft.

«Sjøfareren» var i fleire år vekkleigd til Kystvakta. Til liks med dei andre kystvaktfartøya vart han då gråmåla. I 2001 og 2002 var han i aktiv tensete som redningsskøyte. I 2004 vart «Sjøfareren» seld til Austevoll Supply Shipping. Han fekk då namnet «Ringasund»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • M/S «Ringasund» i SALT Magasinet for kystens næringer og kystens folk nr 2 2011