RS «Skomvær III»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 99 «Skomvær III»
Klasse:  Skomværklassen
Verft:  West Products AS, Måløy
Konstruktør:  Ola Lilloe-Olsen
Byggjeår:  1986
Byggjepris:  5 300 000 kroner
Oppkalla etter:  Seglskuta «Skomvær»
Finansiering:  NSSR Byggefond
Eigenskapar
Materiale: GUP Sandwich, divinycell
Lengde:  19,61 meter
Breidde:  5,70 meter
Djupgåande:  1,20 meter
Bunkerkapasitet:  3,50 m³
Motor:  2*625 hk Man Diesel
Fart:  25 knop
Rekkevidde:  300 nm
Mannskap:  3
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1986

RS 99 «Skomvær III» er ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1986. Ho var det første fartøyet til redningsselskapet som vart bygd i sandwichkonstruksjon.

«Skomvær III» vart bygd ved West Products AS i Måløy. Linjeteikningane vart laga av Ola Lilloe-Olsen ved Teknisk Modell-Senter i Hyen. Den endelege utforminga vart gjort av tekninsk komite i Redningsselskapet saman med Otto Scheen jr.

RS «Skomvær III» overtok namnet etter RS «Skomvær II» (RS 66).

I åra 1988-89 vart det bygd fem redningsskøyter til med sandwich skrog. Etter ei tid synte det seg at skroget på «Skomvær III» , og andre av desse fartøya, hadde fått skade. Byggematerialet hadde ikkje tolt påkjenninga med høg fart i stor sjø. Det måtte gjerast omfattande reperasjonar, og Redningsselskapet gjekk vekk frå dette byggematerialet ei tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • nssr.no