RS «Tordenskjold»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 3 «Tordenskjold»
Status:  Kondemnert og senka
Leverandør:  Thor Jensen
Verft:  Eidanger Baadbyggeri, Røra, Porsgrunn
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1889
Finansiering:  Innsamling i Bergen
Eigenskapar
Lengde:  12,50 m
Breidde:  4,40 m
Djupgåande:  1,73 m
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1893
Ut av teneste:  1905
Menneskeliv berga:  81
Fartøy berga:  15
Fartøy assistert:  254

RS 3 «Tordenskjold» var den eldste redningsskøyta i redningsselskapet sin flåte. Ho vart bygd av Thor JensenEidanger Baadbyggeri og sjøsett 9. november 1889. Ho vart bygd som losskøyte etter Colin Archer sine teikningar, for losaneStråholmen. Som dei andre losskøytene til Archer var ho rigga med ei mast. Ho hadde ein jarnkjøl på 1,8 tonn og 4,4 tonn i ballast.

«Tordenskjold» vart kjøpt av Bergen Kreds av NSSR. Ho vart ombygd og fekk vasstette skott, garnering og banjer. Ho kom i drift i oktober 1893. Losane i Korsfjorden hadde ansvar for å bemanne og drive skøyta første året. I 1894 overtok redningsselskapet alt ansvaret for skøyta.

Medan RS «Tordenskjold» var i redningselsskapet si teneste redda ho 81 menneske frå "ein sikker daude". Ho berga eller assisterte 269 fartøy.

Redningselsskapet selde «Tordenskjold» i 1905. Etter å ha hatt mange eigarar og mange ulike bruksområde vart skøyta kondemnert og senka i 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002