Ra'anana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ra'anana
by
Panorama av Ra'anana
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°11′N 34°52′E / 32.183°N 34.867°E / 32.183; 34.867
Areal 14,878 km²
Folketal 68 300  (2009)[1]
Grunnlagd 2. april 1922
Borgarmeister Ze'ev Bielski
Kart
Ra'anana
32°11′00″N 34°52′00″E / 32.183333333333°N 34.866666666667°E / 32.183333333333; 34.866666666667
Wikimedia Commons: Raanana

Ra'anana (hebraisk skrift רַעֲנָנָה, tyder ‘Fersk’) er ein by i hjartet av den sørlege Sharonsletta i Det sentrale distriktet i Israel. Han har eit folketal på 68 300 (2009).[1] Ra'anana grensar til Kfar Saba i aust og Herzliya i sørvest. Dei fleste innbyggjarane er innfødde israelarar, men her finst òg ein god del innvandrarar frå Amerika og Europa.

Mange leiande, globale og lokale selskap har kontor i det høgteknologiske industriområdet i Ra'anana. Han fekk status som ein «Grøn by» av Verdas Helseorganisasjon i 2005.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1912 danna selskapet for jødisk busetnad i Israel gruppa «Ahuza A – New York» for å kjøpe landområdet i Israel for eit jordbrukssamfunn. Den første verdskrigen forseinka planane deira, men den 2. april 1922 drog to vogner frå Lilienblum- og Herzlgata i Tel Aviv med fire «Ahuza»-medlemmar, tre arbeidarar og to væpna vakter. Etter ei fem timar lang reise, lossa dei bagasjen sin på staden som skulle bli Ra'anana.

Ahuza Street, Raanana (1927)

I den første tida vart busetnaden kalla «Ahuza A – New York.» Arabarane i regionen kalla han «Vesle Amerika» sidan dei fleste innbyggjarane var engelsktalande og kom frå New York. Seinare fekk han namnet «Ra'anania» og til slutt «Ra'anana». Under sjølvstendekrigen var han ein landsby med 3 000 innbyggjarar.

Torg i Ra'anana

Seint i 1960-åra hadde han eit folketal på 85 000 og dekka eit område på 15 km².[3] I 1980-åra fekk Ra'anana bystatus.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den største fotballklubben i byen er Hapoel Ra'anana. I basketball er byen representert ved Bnei Hasharon, som spelar ved MetroWest skule.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Ra'anana er venskapsby med: [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2009. Henta 8. april 2015. 
  2. Sinai, Ruth (29. september 2005). «Ra'anana receives WHO safety award - Israel News | Haaretz Daily Newspaper». Haaretz.com. Henta 12. oktober 2014. 
  3. Encyclopedia of Zionism and Israel, ed. Raphael Patai, Herzl Press/McGraw-Hill, New York, 1971, «Ahuza», vol. 1, s. 17
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 «Ra'anana Twin towns & Sister cities - Friends around the World». raanana.muni.il. Arkivert frå originalen 28. februar 2010. Henta 24. mars 2010. 
  5. «Stedenband Opsterland-Ra'anana» [City Connection Opsterland-Ra'anana]. Stedenbanden.nl. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 25. juni 2015. 
  6. Being the first to twin, a central street in the Ra'anana is named «Opsterland"
  7. «Poznań - Miasta partnerskie». 1998–2013 Urząd Miasta Poznania (på polsk). City of Poznań. Arkivert frå originalen 23. september 2013. Henta 11. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]