Race Today

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Race Today
Oppretta1969
Nedlagd1988

Race Today var eit politisk tidsskrift som kom ut i Storbritannia mellom 1969 og 1988. Det var eit viktig organ for britisk minoritetspolitikk i på 1970-talet.

Bladet blei opphavleg gjeve ut kvar månad av Institute of Race Relations, seinare kom det ut annankvar månad. I 1973 blei utgjevinga teken over av Race Today-kollektivet, der kjende figurar som Darcus Howe, Farrukh Dhondy og Linton Kwesi Johnson var med.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Race Today var opphavleg eit akademisk blad, skipa i 1969 av tankesmia Institute of Race Relations.[1][2] Frå 1973 blei bladet gjeve ut av den Brixton-baserte gruppa Race Today Collective.[1][3] Denne gruppa gjekk inn for ei meir politisk tilnærming som bygde på ei blanding av libertariansk marxisme og radikal anti-rasisme.[1][3]

Den første redaktøren for tidsskriftet under denne nye leiarskapen var journalisten og kringkastaren Darcus Howe.[2] Howe var djupt inspirert av den trinidadiske marxisten C.L.R. James, og under hans tid blei Race Today ei leiande røyst for svart politisk journalisme i Storbritannia.[1] Farrukh Dhondy, som seinare skreiv ein biografi om C.L.R. James, byrja karrieren sin som skribent ved Race Today i 1970.[4] Eit anna kjend medlem av Race Today-kollektivet var diktaren Linton Kwesi Johnson, som blei med i 1974.[3]

På midten av 1970-talet knytte Race Today-kollektivet seg til Black Parents Movement skipa av John La Rose, ein trinidadisk-fødd aktivist og tidlegare leiar for Institute of Race Relations in 1972 and 1973.[5] Det hadde også sterke band til Notting Hill-karnevalet.[6]

I 1978 byrja bladet koma ut annakvar månad i staden for kvar månad.[7] Både bladet og Race Today-kollektivet blei oppløyst i 1988.[1]

Race Today Publications var ein av organisasjonane bak International Book Fair of Radical Black and Third World Books, saman med New Beacon Books og Bogle-L'Ouverture Publications.[8] Denne tilstellinga blei arrangert frå 1982 og heilt til 1995.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Watson (1969-1970)
  • Alexander Kirby (1970-1973)
  • Ian Macdonald (gjesteredaktør, desember 1973)
  • Darcus Howe (1974-1984)
  • Leila Hassan (1985-1988)[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dr Evan Smith (2010). «Conflicting Narratives of Black Youth Rebellion in Modern Britain». Ethinicity and Race in a Changing World: A Review Journal 1 (3): 16–31. 
  2. 2,0 2,1 Ionie Benjamin (1995). The Black Press in Britain. Trentham Books. s. 4. ISBN 978-1-85856-028-1. Henta 14. august 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Forbes; Peter (2002). «comtemporarywriters.com». Linton Kwesi Johnson. Arkivert frå originalen 13 May 2009. Henta 13. mai 2009. 
  4. Alison Donnell (2002). Companion to Contemporary Black British Culture. Taylor & Francis. s. 97. ISBN 978-0-415-16989-9. Henta 11. august 2011. 
  5. Linton Kwesi Johnson (4. mars 2006). «John La Rose (obituary)». The Guardian (UK). Henta 15. august 2011. 
  6. Simon Featherstone (2005). Postcolonial Cultures. Edinburgh University Press. s. 228. ISBN 978-0-7486-1743-2. Henta 14. august 2011. 
  7. Staff. «Race Today Publications». George Padmore Institute. Henta 17. august 2011. 
  8. Sarah White, Roxy Harris & Sharmilla Beezmohun (eds), A Meeting of the Continents: The International Book Fair of Radical Black and Third World Books – Revisited, London: New Beacon Books/George Padmore Institute, 2005, s. vi.
  9. https://www.wcml.org.uk/contents/protests-politics-and-campaigning-for-change/black-and-asian-struggles/race-today/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]